VINMONOPOL I DISTRIKTET
- isleofnoseconsulate
- 3. nov. 2020
- 1 min lesing
I avisa Setesdølen tysdag 10.desember 2019, er det å lesa at Valle Kommune har fått nei til nytt vinmonopolutsal. Då burde det vera enkelt og greit å meina at vin og øl burde seljast i butikkane i dalen. Valleordførar Steinar Kyrvestad (Ap) er ein bra mann som fremjar arbeidsfolk sine synspunkter. Vi treng jordnære politikere som forstår at godt drikke er kultur. Ein burde normalisera vindrykk også blant misjonsfolket i dalen.
Statsbedrifta A/S Vinmonopolet synast å vera eit gufs frå dei fortidige regulativa i Aust-Europa. I dag snakkar alle politikare om miljøvinstar. Det er klårt at vinsmakarar frå Valle som må køyre til Evje for å få sine polvarer, reperesenterer skade på miljøet ved bilforureining.
Vallefolk burde kunne kjøpe sin vin i nærmiljøet i vårt distrikt. Det er eit fritt land vi bor i, og den blåblågrønne regjeringa har programfesta å omleggja frå vinmonopol til butikkutsal i felles lokal-samfunn
Comments