top of page

ISLE OF NOSE CONSULATE

Den nasjonale styresmakta i Noreg har løyva ca 20 milliardar kroner i månaden for nasjonale, regionale og kommunale tiltak mot koronakrisa. Statens pengebok er no på vidt gap. Dei løyva pengane skal lindra økonomiske tap og konkurs i næringslivet.

 

Dei økonomiske krisepakkene som er vorte vedteke, synast berre å støtta arbeidsgjevare. Koronakrisa har synt ein reell krise i arbeidsmarknaden, og det verkar som at det krev ei gjennomgripande endring i arbeid-og sosialpolitikken. Naudlidande arbeidstakarar treng framleis fast inntekt ved sosialhjelp, trygd eller arbeid.

 

Det verkar som at koronakrisa har påverka økonomiske vanske for enno fleire folk, og fleire av arbeidstokken er no arbeidslause. Det er semje om krisehandsaminga blant høgre-og venstresidene i politikken. Skilnadene verkar å vera om korleis dei arbeidslause lever i kvardagen. Alle folk treng økonomisk opphald for livet. Om ein ikkje har arbeid, er det påkravd at sosialhjelpstønad eller trygd har høvelege satsar.

 

Betalt arbeid har vore mål og ynskje for månge arbeidssøkjarar i ei årrekkje, men no er det vorte vanskar for fleire. Då er det tid for å tenkje nytt i arbeid-og sosialpolitikken. Ein god investering for å lindra arbeidsløysa kan vera samfunnsløn og betalt arbeid for alle norske myndige statsborgare. Dette betyr ei statleg minsteløn kombinert med arbeid.

 

Nokon skriv at samfunnsløn begrepet er ei borgarlygn. Han skriv at Norsk Fagbevegelse fører realpolitikk og interessekamp for fleire arbeidsplassar. Men dei må ikkje gløyme at arbeidsplass er blitt marginalt gode for færre no, avdi industri arbeidsplassar har vorte nedlagde i fleng. Fabrikkene er lagt ned. Raymond Johansen (Ap) seier i radioen 12.juni 2020 at Arbeiderpartiet vil gjere det vanskelegare å uføretrygde. Dette betyr at folk ikkje har pengar til livsopphald. Og sosialhjelp har for lave økonomiske satsar. Arbeidsfolk står då uten inntekt frå arbeid.

 

Samfunnsløn-prinippet saman med ein ny arbeidsdeling, ville endre arbeidsfolk reelle muligheter for å oppretthalde inntekten, også i vanskelege tider. At den blågrøne norske regjeringa brukar 20 milliardar kroner i månaden som kriseløysning til å lindre akutt arbeidsløyse, synar at det ikkje er mangel på økonomiske midlar. Debatten handlar om reell ynskeleg verknad av tiltaka frå regjeringshald. Folk har rett på høveleg inntekt, ikkje almissar.

bottom of page